Haha: Eg er kasta ut av universitetet
Ja, so kom det til det; eg er kasta ut. Sist semester gløymde eg å søkja um stipend og lån, so det fekk eg ikkje. (...)
7 innspelJa, so kom det til det; eg er kasta ut. Sist semester gløymde eg å søkja um stipend og lån, so det fekk eg ikkje. (...)
7 innspelI dag var den store eksamensdagen. Ikkje berre ein eksamensdag, men den store. Eller, spesielle. I dag var eksamen i inf1400. (...)
9 innspelEg hev ikkje oppdatert på lengje. Det hev samaheng med at eg ikkje fekk ferdig del 2 av turen til Nord-Noreg. Han var so stor og skremmande og eg hev vore eksepsjonelt uppteken den siste tidi. (...)
4 innspelI går var ein litt teit dag, eg fekk ikkje den herlege «eksamen ferdig, eg er heilt ferdig for semesteret»-kjensla. Eg mista nemleg sekken, med jakka mi og altslag i. (...)
eitt innspelDet er ein konspirasjon. Eg er låst inne i Informatikk-bygningen, ikkje berre inne i bygningen – men inne i ein liten del av han. Her fins ikkje anna enn Coca Cola. Eg som ikkje liker Coca Cola. Eg liker ikkje Cola generelt, faktisk. Og så mat, då. Ingen. Elles umogleg å koma ut. Jodå, eg kan utløysa brannalarmen, men så slem er eg ikkje. Hadde sikkert berre sett meg i masse problem same kva. Semesterkortet mitt ligg truleg i posten, hadde eg hatt dèt hadde alt gått bra, men ikkje no – nei.
7 innspelOoh. Eg er så usikker på alt, det hev vore ein flott start mtp. INF-faga. Dei er nemleg utruleg enkle. Men eg fekk vita at eg trong MAT1100 (vanskeleg Kalkulus-matte) for å taka Digital Bileteanalyse seinare. Dimed måtte eg byta frå MAT1000 (som er enklare) til MAT1100. Det var ingen enkel sak. I dag var eg på fyrste forelesing i MAT1100 (etter eg hadde mista 4 stk), og woow. Kva skal eg seia? Det forsto eg ikkje mykje av, dei er allereie fleire månadar forbi det eg kan.
5 innspelUgh, eg er sjuk. Av andre nyhende bur eg no i Oslo, ikkje i eigen hybel eller noko. Nei, på golvet til Ola. Eg sit mykje på skrivarstova, faga mine hev ikkje starta endå – er fadderveke no. Eg var på ein samakomst på Majorstua, hev fått ei omvising og lunsj. Elles var me tri stykk på gruppa under velkomstsermonien til UiO, det er rart i og med at me eigentleg er 20, trur eg.
5 innspel
Gløym alt eg hev sagt om nordisk. Eg kjem ikkje til å taka det, eg fann ut eg var ferdig med den tradisjonelle skulebenken. Nordisk er stort og vanskeleg. Pensumet er digert og eg interesserer meg berre for litt av det. Hadde lika det reint praktisk filologiske, men resten hadde sikkert vore eit stress. Difor fekk eg sletta nordisk, så no ser det ut til at neste år blir Informatikk i Oslo!
Oppdatering: Det blir det! Eg flyttar til Oslo 11. august.
12 innspel