Velmont - Odin Hørthe Omdal

Satan inni helvettes Windowsdrit!

Eg er så drit lei av å jobba på Randaberg nett no! Mine verste draumar om å slita med noko HELVETTES WINDOWSPISS har vist seg å vera sanne. Eg er så jævla lei av å fiksa noko piss som ikkje fungerer! Windows på tenar? Windows som kritiske system for printing og eit kortsystem byggja på Windows? Korleis kan folk vera så MONGOTEITE!? Kvifor bygg dei ikkje løysingane på Linux og allereie fungerande, gode opne kjeldekode-prosjekt? Satan, så vanskeleg alt skal vera når ein ikkje gjer alt sjølv.

eitt innspel

Misslukka filmdag på sørlandet

Ei gruppe på skulen trengte skodespelarar. Dei ville gjera ein skikkeleg kortfilm. Dei spurde om eg kunne finna nokon, og seinare om eg kunne vera med å hjelpa til. Det ville eg sjølvsagt. Laurdag sist veke blei eg henta nedpå vegen kl. 11. Vèl nede på bensikken der bilane skulle møttast fekk me kontramelding; problemer med å finna Bjørn, guten i filmen.

2 innspel

Eg er lærar

Dei siste dagane her på Randaberg så har eg drive med noko anna enn å berre vera i IKT. Vel, ­- anna har eg gjort heile tida, men ikkje som lærar på den måten. På onsdag hadde meg og Gjert om xhtml og CSS for ein grunnkurs media og kommunikasjonsklasse.

eitt innspel

Odin Bond fiksar pcar rett før bygget sprengjer i lufta!

AHAHAHH! Dritkult! :D Eg er nett kome frå jobb, og der var alarmen i ferd med å gå medan eg hadde eit par rom med pcar eg fiksa på igjen. Det blei springing. Det blei høg puls og utruleg spenning! Hahah :D Var slik stemme ute i vrimleområdet (frå ein pc) som fortalte at alle måtte forlate bygget, alarmen gjekk snart. Nett som i ein spenningsfilm!

3 innspel

Daffing på skulen/jobb

No sit eg på biblioteket her på Randaberg VGS. Eg sit i Linux. Hihi. Korleis kan du sitje på eit så bra OS på ein skule som berre køyrer dritt som Windows 98, og XP, spør du? Jodå, eg sit nemlig med trådlaust nett på laptopen min! Aahh! Suuupert!!!

7 innspel

Superjobbing

Kva har eg gjort i helga? Jo, sitte inne. Ikkje heile tida? Jo. Heile tida. Heile? Vel, eg var ute i 10 minutt. Eg var nærast inne i 3 døgn. Var faktisk inne i over 2 døgn utan eit lite vindpust på nasen. Kva har eg gjort inne? Jobba.

3 innspel

Fyrste dag på jobben

Vel, andre i dag. Men dette var forsåvidt fyrste jobbdag. Det var ein grei dag, eg hadde det moro, men eg vonar ikkje dagen er typisk for dei komande dagane desse 13 månadane framover!

4 innspel

Lang heimreise, NSB komfort

Den superplagsomme alarmen vekka denne gongen mykje fleire folk. Det er ikkje av di han ikkje hadde klåra det før, men av di no var me fleire. Det var ikkje reint få med traumer då me kasta i oss frukost. Eg tok 9 skjever. Åt 4, 5 pakka eg inn som lunsj på toget. Med dei prisane NSB opererer med i kaféen var det lurt. Sit å knaskar brødskive med svetta ost nett no faktisk. Supert! Og heilt gratis! :D

0 innspel :(

Dilingøy dag to, alt blir gjort

Etter ei vekking verdig styrken og viktigheiten av ein brannalarm åt me frukost. Denne gongen var det faktisk folk tilstades som hjalp oss. Eg hadde nett dusja (som einaste person?) og heiv innpå med diverse matvarar eg ikkje hugsar grunna alt det andre som har hendt i dag. Me er slik ein god, samansveisa gjeng. Hekkan så koseleg den frukosten var. Kjempedigg.

0 innspel :(