Velmont - Odin Hørthe Omdal

Haha, eg er så vims

Eg er ein liten vonding når det kjem åt halde avtalar o.l. Vel, å hugse dei iallfall. Eg er så vimsete utan ei bok, eller ein PDA som held orden på avtalane mine. Difor er det eg ser etter PDA i desse dagar; men sidan eg helst vil ha ein billig med Linux er ikkje det berre lett. Same kva; her har du litt vims som forandra heile helga mi.

10 innspel

Vitjing av Tim i Frankriket

No er klokka 4. Det er 3 timar åt avreise for meg og Espen frå Stavanger Lufthavn Sola. Eg sit her og har endå ikkje pakka heilt ferdig. Men kvifor skal eg? Så lengje eg har lommeboka med fikser jo alt seg. Vel. Alt fikser seg same kva, lommeboka gjer det berre enklare.

6 innspel

Då dreg eg til Kroatsia

Reise!Eg vil vere vekk fom. i natt til 5. juli. Eg skal til Kroatsia med familien, minus kattene (ja, dei er del av familien). Falke skal trene vannpolo i fem dagar (han er på juniorlandslaget ^^); resten skal me loffe rundt på div. billige hærberg/hostell/pensjonat. Åå, eg gler meg!

9 innspel

Den unge scenen, festival på Det norske teateret, 2005: DUS-festival i Oslo

Oschlo. Mm. På torsdag hadde eg fyrst «Nyere historie» før eg sykla heim og kasta nokre klede i sekken av di eg skulle til Oslo. DUS-festival. Den Unge Scene. Me skulle spele stykket vårt «Lilla» to gonger på festivalen, og sjå på mange andre stykker – samt møte kjekke folk. Hyggeleg var det, sjølv om det alltid må skje ein del drit ting når Odin er på reisefot. Alltid.

12 innspel

Kviteseid tur-retur

No er det ikkje lenge til eg startar den alt for lange turen mot Kviteseid. Eg må køyre morfar heim. Det er 260km ein veg den raskaste vegen, – men trur du me tar den raskaste? Neidå. (...)

0 innspel :(

Så mistar eg litt da

Eg er eit forstyrra menneske. Inga tvil. Forstyrra av smått, men óg litt større. Nå sist er det miste evna mi som forstyrrer. Ja, for eg har mista ting. (...)

4 innspel

Frankrike turen

Nå sitt eg her i Frankrike og skriv, er på ein 12 dagars tur te Tim. Eg følar for å skrive et lite referat av turen så langt. (...)

0 innspel :(