Velmont - Odin Hørthe Omdal

Kjendismøte på Sola Lufthamn Stavanger og lite forseintkoming: Helgetur i Stavanger (flyturane fram og tilbake)

Natta fyrr sat meg og Klaus uppe til klokka vart 0700. Dete var faktisk same dag som me hadde vakna 0700 av di Klaus hadde eksamen (eg sov litt til etter det). Kva gjorde me so heile natta? (...)

3 innspel

På motorsykkeltur sørover med Pat Savage: Frå Nordkapp til Ballangen

På sundag kom eg med fly opp til Honningsvåg, etter middag køyrde me til Nordkapp der det var frålandsvind og ikkje ei sky i himmelen. Inga tåke, fantastisk v^er. (...)

8 innspel

Ei vìka i Nidaros (eller Trondheim)

I går (tysdag) drog eg opp her til Nidaros for å vera tilstades på «premiera» til STEP-filmen. Det er ein informasjonsfilm um STEP som eg hev redigert. Der fekk eg blomar og gode ord, fyrr Marte og Hanne (dei som hev gjort største delen av prosjektet) drog attende til Stavanger. På kveldingi etter middag og dessert drog eg til Karlsen. Her sit eg no.

4 innspel

Eg lurar på om eg tek fly frå Oslo til Stavanger

Eg lurar på kvifor flyvertinna ler so hjarteleg til mannen som sit på fyrste rad i flyget. Ho sit ganske nært òg. Eg tenkjer det er broren. Det var noko litt rart med han, så eg trudde ikkje det var kjærasten. Rar denne dømminga på førehand. Mannen snakkar. Han hev ei heilt utruleg flott stemme. Mørk, stavangersk, seriøs. Interessant. Hmmm. Diggar stemma.

4 innspel

Innlegg tvohundre, fly til Stavanger

Phew! Jammen bra eg fann ut eg skulle koma tidleg åt flyplassen i dag! Ikkje berre tidleg, men ekstremt tidleg. Ein time før avreise. Då eg kom opp i reise-hallen var eg møtt av eit horribelt syn; endelause køar foran sikringssjekken. Sjølv med mi ekstremt gode tid vart eg forferda. Tenk om eg berre hadde hatt mi normale, dårlege tid!

17 innspel

Forseintkoming til fly, normalt sett ikkje lurt

Faen, faen, faen! Eg sit og ventar på T-banen og er alt for seint ute til å nå flyet mitt til Stavanger. Faen! Eg fekk eit sjokk tidligare på kvelden og trudde eg var for sein. Det var eg slett ikkje og tenkte eg måtte gjera meg ferdig med matte-obligen i staden. Det er jo forsåvidt litt lurt, i og med at eg stryk om han ikkje leverast imorgon. Sidan eg dreg, iallfall teoretisk, i dag må han dimed vera fordig no. Aaaargh. Faenskap.

8 innspel

Amandustur til Lillehammer

enne for lengje sidan; men så gadd eg aldri gjera han ferdig. Kan like godt leggja ut det lille det er og linkja vidare til ei flink jente som faktisk hev skrive noko; Rebecca. Eg skal prøva å redigera videodagboka frå turen og heller leggja den ut.

4 innspel

Dagens kortsynte avskum hev sitjeplass på toget

Ei gamal dame med ei superljos, nasal stemme kjem inn i matvogna og proklamerer høgt og betrevitande til trailersjåførmannen sin: «Å, fysj! Her sit dei som ikkje vil betala plassbillett». Ho kjøper ein øl til maten og stadfester på ny kor überharry dette paret er. Vebjørn mumlar nokon overraska toner om å sjå den type folk på toget.

3 innspel

Ingen vatn! …og resten av turen til Sirdalen

Midt i snøødet. Stranda. Like ironisk som sjømannen som døyr av tørst midt på havet. Eg er, saman med franskmennene, omgjeve av snø. Dyp, kvit, kald snø. Men vatn har me ikkje. Utanom 10-litersgryta med snø som etter særs mykje stress blei ein skvett vatn. Straum har me heldigvis, men dette vatnet ein elles tek for gitt savnar eg fælt.

eitt innspel

Norskfagskonferansen på Lambertseter

NMU, panelordskifteDenne guten har ikkje ete noko særleg. Ikkje sove heller, for den saks skuld. No er det heim frå Norskfagskonferanse, det blei 5,5 timar søvn fordelt på 3 dagar. To netter altså, ei normal natt skal ein ha 8. Var moro på konferanse, men godt å kome heim. Normalt vil eg bli igjen…

3 innspel