Helg i Kviteseid
Frå fredag til måndag var meg og Rebecca i Kviteseid. Familien min hev no yverteke barndomshuset til mamma der. Butikken i underetasjen er lagt ned (og rydda), og sjølve huset er ein feriestad no. (...)
2 innspelFrå fredag til måndag var meg og Rebecca i Kviteseid. Familien min hev no yverteke barndomshuset til mamma der. Butikken i underetasjen er lagt ned (og rydda), og sjølve huset er ein feriestad no. (...)
2 innspel
I helga var meg og Rebecca på tur i Kviteseid. Der var det kufestival og kjempemoro! Eg storkoste meg – kjempeherleg å vera på tur åleine med Rebecca. Eg vonar me kan gjera det oftare.
Endeleg skal me på ein skikkeleg tur, meg og kjærasten min Rebecca. Me var jo på Amandus-tur, men det var jo ikkje tur-tur. Det var festival. Det er rett før eg set meg inn i bilen for å starta på den lange turen til Kviteseid. Me skal klippa plenen og helsa på morfar utanom å sitja lengje i bilen, sjølvsagt. Vonar det blir moro.
4 innspelEtter turen heim frå Kviteseid i forrigår er det eit par ting eg vil dra fram.
7 innspelNo dro folka me har hatt på vitjing dei siste dagane. Eg har ikkje hatt tilgang til pcen min på kveldstid desse dagane, men det har vel vore til det betre. Trur neppe nokon merka noko likevel. Dreg no til Kviteseid (Telemark) for nokre dagar.
0 innspel :(
Då har eg køyrd den nette sum av 798km på under 24 timar. Snittsnøggleiken på tilbaketuren (som var 361km lang) var 76km/t. Med dette kan smarte hjerner rekne ut kor lang tid me bruka. Turen til Kviteseid var i kontrast 437km lang (76 km lengre)... Tenk litt på dèt. Elles er no morfar plassert i Telemark, og meg og Falke har fått høyrd på radio i fleire timar.
No er det ikkje lenge til eg startar den alt for lange turen mot Kviteseid. Eg må køyre morfar heim. Det er 260km ein veg den raskaste vegen, – men trur du me tar den raskaste? Neidå. (...)
0 innspel :(