Velmont - Odin Hørthe Omdal

Framleis ikkje ete «vanleg mat», men: Fruktprosjektet er ferdig (dag 26)

Eg hev endå ikkje sett tennene i kokt mat, eg er eigentleg ganske redd for det. (...)

eitt innspel

Fruktprosjekt dag 19, sjukdom og nedkorting

Sjølve dagen då eg var halvvegs i «rå frukt»-prosjektet mitt var den verste eg hev hatt. Trass i at dagane fyrr var kjempegode. No er eg endeleg god att, noko eg var i går òg. (...)

4 innspel

15 dagar att: Rå frukt- og grøntprosjektet mitt er halvvegs

I dag er dagen, 15 dagar hev gjenge og det er 15 dagar att. Det hev vore veldig mykje upp og ned desse 15 dagane. (...)

2 innspel

Fleirfasisk/polyfasisk soveprosjekt lagt på is

Etter ei stor «blemme» i dag, utsett eg prosjektet som lova. Eg klara aldri koma yver humpen til ekte fleirfasisk soving. Eg trudde det, men etter evaluering fann eg 48-timar syklusar, som ikkje er det same. Eg hev til fyremål å trena meg sjølv og starta prosjektet med betre fyresetnader enn i dag.

16 innspel

Fleirfasisk/polyfasisk søvn, dag 8-11

Eg byrjar verkeleg koma inn i sovemynsteret trass yversovingi. Trur eg er ferdig med ho, sjølv um eg statistisk sett vil yversova ein gong no ganske snart. Eg er fullt klår yver det og skal unngå det i dag. Trass kor…zzz…vanskezzzzZzzzzz.

7 innspel

Fleirfasisk søvn, dag 6-7

Dag 6 starta veldig dårleg. Det var denne dagen eg yversov so fælt. Eg hadde vore på pub med mortehu og Håvard og vakna ikkje av klokka. Kjennast lengje sidan trass i at det var på laurdag (og no er måndag). Eg sov til neste morgon, so låg eg lengje i senga og lurte på kva som hadde skjedd. Dagen etter, derimot, var fantastisk. Eg traff søvn på alle plassane, og hadde masse energi heile døgnet.

4 innspel

Fleirfasisk søvn, dei fyrste dagane (0-5)

Eg er nett oppe frå ein fantastisk syklus. Eg vakna i sjokk yver ein sikker forsoving, eg kjende eg hadde vore vekk kjempelengje. Men det var ikkje lengre enn 20 minutt sidan eg la meg ned. Eg draumde kjempemasse, 8 timar verdt drauming på 20 minutt. Det var kjempeherleg. Men fyrr det vil eg altso prata um dei siste 5 «dagane» fyrr denne. I [ikkje alt for] korte trekk.

7 innspel

Fleirfasisk søvn, mitt nye sovemynster (forsøk)

Eg hev starta på eit eksperiment. Ute på byen attende i desember kom eg i snakk med ein hyggeleg kar um vika eg hadde hatt. Eg hadde omtrent ikkje sove og jobba slag-i-slag, som svar fortalde han meg um noko eg aldri fyrr hadde høyrd um: Uberman søvn (og kalla Polyphasic sleep eller Da Vinci sleep). Dette var nokon sjuke greier, eg vart straks oppslukt – dette måtte eg prøva når tidi var inne.

25 innspel