Velmont - Odin Hørthe Omdal

Var oppe heile natta og vakna til godt statsbudsjett

Tja, litt rar tittel. Men poenget er at eg sat oppe i heile natt og gjorde INF1040-oblig. Eg er framleis ikkje heilt ferdig; så det må eg bli. Kl 06:00 la eg meg, og vakna av Kristin Halvorsen som la fram statsbudsjettet. Her var mykje bra! Eg må seia eg fekk fornya tillit til regjeringa no. Dette her er bra!

9 innspel

Satan inni helvettes Windowsdrit!

Eg er så drit lei av å jobba på Randaberg nett no! Mine verste draumar om å slita med noko HELVETTES WINDOWSPISS har vist seg å vera sanne. Eg er så jævla lei av å fiksa noko piss som ikkje fungerer! Windows på tenar? Windows som kritiske system for printing og eit kortsystem byggja på Windows? Korleis kan folk vera så MONGOTEITE!? Kvifor bygg dei ikkje løysingane på Linux og allereie fungerande, gode opne kjeldekode-prosjekt? Satan, så vanskeleg alt skal vera når ein ikkje gjer alt sjølv.

eitt innspel

Hekkans bundling!

På desse hekkans Windows-maskinene må ein jo installera altslags dritt for å få ting til å fungera. Det er jo typisk, men MÅ det då installera altslags anna PISS I SAME SLENGEN!?

5 innspel

Korleis bruka JuiceRecorder for å lasta ned Triplet

Legg til ein ny kanal i JuiceSidan fleire på aftenbladet.no ville vita korleis ein kunne lasta ned alle episodane til Triplet ned til datamaskina, har eg laga ei lita rask brukarrettleiing. Det vil vera litt annleis på din maskin, sidan eg brukar Linux (pluss ein gamal versjon av Juice), men det skal ikkje vera så forskjelleg.

2 innspel

Ny skjerm, 20″ Widescreen LCD

Gammal til ny LCD 20"-skjermOhh. Det ser så mykje betre ut, no er faktisk skrivebordet mitt blitt litt sexy. Det stygge dråget av ein 19” Hansol CRT er endeleg vekk, forvist til Acona, tenaren min som i seinaste «utgåve» har fått skjerm og Gnome installert. Kitty Karina har spelt mattespel på Acona etter eg fekk den gamle skjermen opp, men det er ikkje hovudnyhendet; sexy skjerm ér!

5 innspel

Practical Mono (ny bok) og eit mista innlegg

Då har eg tinga bok. «Practical Mono» frå Amazon.co.uk. Eg mediterte ei stund før det i dag. Trong det då eg mista 2 timars arbeid med eit innlegg her til bloggen.

4 innspel

Odin Bond fiksar pcar rett før bygget sprengjer i lufta!

AHAHAHH! Dritkult! :D Eg er nett kome frå jobb, og der var alarmen i ferd med å gå medan eg hadde eit par rom med pcar eg fiksa på igjen. Det blei springing. Det blei høg puls og utruleg spenning! Hahah :D Var slik stemme ute i vrimleområdet (frå ein pc) som fortalte at alle måtte forlate bygget, alarmen gjekk snart. Nett som i ein spenningsfilm!

3 innspel

Eg skriv Dvorak!

Eg skriv Dvorak no, nett byta. Difor skriv eg veldig seint for tida. Dvorak er eit annleis tastaturoppsett enn det mykje meir bruka Qwerty (som du, med stor sjangs brukar) difor vil det take litt tid å få farta på skrivinga opp igjen.

5 innspel

Sjuefira tima i døine

Hovuddatamaskina mi; AiaxEtter ei suksessrik vekking i dag vil eg prøve å gjere som så mange andre; ha datamaskina mi på 24/7. Acona (vevtenaren min) bråker meir enn hovudpcen likevel. Og eg sover jo med øyreplugger, så det skulle ikkje vere noko problem med støy.

15 innspel

IP-telefoni fungerer, ikkje

I dag har me ikkje telefon. Dei tre (3) nummera til huset vårt fungerer ikkje lengre. Om ein skal kome i kontakt med oss no, må ein anten bruke mobil eller mail. (...)

eitt innspel