Velmont - Odin Hørthe Omdal

2008-10-13 11.12

Brukt heile dagen på billettkaup: ACDC øydelegg mitt nye liv

Helene hadde laga meistringsplan til meg, som eg må fylgja. Men so kom ACDC-billettane, og no hev eg brukt heile dagen på å prøva å få tak i billett. Ikkje mogleg.

Eg kom heim frå mangfaldsseminaret til NMU (Norsk Målungdom) i går og gjekk forbi Spektrum. Der satt folk klare til å sova, eg spurde dei kva dei venta på. ACDC-billettar! Eg var heilt med, Helene pratar jo um ACDC minst ein gong til dagen! Men eg kunne ikkje yvernatta utfor der, so eg skulle vera tidleg få billett på net. Nei… Vandskeleg.

Det er ein klisjè, men eg er veldig uppteken for tidi. Hev utruleg mykje å gjera. Meir enn eg nokon gong hev hatt fyrr. So eg treng å få gjort ting, og det litt effektivt. Då er det so synd at eg sit her eg hev sitte i heile dag no, og ventar på at billettservice skal fungera og ikkje klikka mongo. Men eg fær berre ventemeldinger og internal server error som resten. Likevel, eg hev vore innum sida ein 3-4 gongar. Men kvart steg gjev meg ny ventemelding. Bah bah bah.
Av ein elder annan grunn vart dette innlegget sletta óg, og WordPress lagra ikkje ein kladd. GRR.

Um kort tid skal eg og Helene til Ungarn på Queen-konsert, veka etter skal me til Sverige på Al Green-konsert. Me hadde billettar til REM-konserten, men dei hadde nokon i bustaden kasta då eg og Helene var på reise i europa. Då vart eg bra sur!

Eg hev meir elder mindre gjeve upp. Det vert kannhenda lagt ut eit par billettar sjølve dagen for å hindra svartebørsen – kannhenda me fær prøva oss på dei.

Viss ikkje fær me berre dra til utlandet for å sjå ACDC… :-)

6 innspel til «ACDC øydelegg mitt nye liv»

  1. sa Irritert 12:13

    Ufattelig slitsomt å lese tekst med en sånn dialekt.

  2. sa Egil 13:56

    Verda er mindre slitsam om ein ikkje er like ignorant som deg. ;)

  3. sa Odin 13:57

    Irritert: Du er ekstremt av tema, det er nynorsk, og det er ingi dialekt. Forresten bur eg saman med ein austfolding som skriv nynorsk (såg du var frå Austfold).

  4. sa Synnøve 14:36

    Eg tykkjer jo det er litt festleg at “irritert” leitar opp nettsida di, les tekstane og legg att kommentar berre for å klaga kva språk ho er skriven på. Heh.

    Men det var heftig kor mange konsertar de skulle på, so eg synest kanskje ikkje so veldig synd i dykk dersom de går glipp av AC/DC. Vel, eg kan ha sympati for at det var kjipt å mista REM-billettane på slik ein teit måte.

  5. sa Odin 14:40

    Synnøve: Hmmm. Sidan eg lenkja til VG so lenkja dei automatisk attende til meg. Dei hev visst slik Twingly-sak som Dagbladet no. So han kom nok frå VG.

  6. sa Klaus 0:39

    hahaha!!! nå sit eg og ser på peter griffin synge “bird is the word” (episode 2 som du jo veit). genialt :D

    stewie: agaaaain, agaaain, i love repetition!!

Kom med innspel

Du kann nytta textile eller enkel xhtml (<strong> <em> <blockquote>). Innspelet kann verta heldt att for søppelsjekk, logg inn for å sleppa.