2008-03-15 23.19
Då nådde eg målet: Symd 10 000 meter
Det var som eg tenkte, veldig enkelt. Det viste seg at det ikkje var fyrr i morgon at eg skulle dra til Sør-Afrika, difor tok eg meg ein lang symjetur (ok, han var ikkje lang og eg hadde tenkt å taka han same kva) og fullførde dei 1000 metrane som var att.
| _ Dato | _ Meter | _ Totalt |
|---|---|---|
| tors 26/2 | 400 | 400 |
| fre 27/2 | 600 | 1000 |
| mån 3/3 | 1000 | 2000 |
| tys 4/3 | 1900 | 3900 |
| ons 5/3 | 250 | 4150 |
| tors 6/3 | 1050 | 5200 |
| fre 7/3 | 700 | 5900 |
| mån 10/3 | 2000 | 7900 |
| fre 14/3 | 1100 | 9000 |
| laur 15/3 | 1000 | 10000 |
So, eg symde 10 000 meter på 19 dagar, altso umtrent 500 meter dagen. Um me berre tek med dagane eg faktisk symde so var det 10 dagar og det vert difor 1000 meter/dagen.
Dette var moro, eg kjem til å halda fram med å symja, men eg må kannhenda setja meg litt høgare mål enn det eg hadde no. Problemet mitt var sjølvsagt at eg verkeleg ikkje hadde peiling på um 10 000 meter var mykje eller ikkje.
Prosjekt ferdig, suksess!
Eg seier sjølvsagt frå um eg vinn, men det er evig mange som er med på konkurransa. Då Nokon™ fortalde at eg nett hadde symd 10.000 meter (det var ikkje meg, og eg hev ikkje peiling på kvifor det skulle vera nyttig informasjon å seia rundt eit etebord) viste det seg at Kjell Schmidt hadde gjort det same.
– Er du med i konkurransa, då?, spurde eg
– Jeppz0rz, svara han. Berre at han sa “ja” i staden for Jeppz0rz.
Der stend vel for fåe nullar i tabellen din? Det er vel tusund, ikkje hundrad meter?
Victor: Nei, er heilt rett dette her. Totalt tel upp mot 10 000 meter. Det minste eg symde ein dag var 250 meter som det stend. Siste dagen symde eg 1000 meter.
Nei, rett under 400, meiner eg.
Ahh. Ja, takk, fiksa. Men det var jo ikkje so viktugt. ;-) Takk same kva. Hadde so få innspel på dette innlegget, so godt med litt lagt til. Hehe.