Velmont - Odin Hørthe Omdal

2008-02-26 23.08

Jadå, endå eit prosjekt medan eg held på med førre: Eg skal symja 10 000m til 31. mars

Etter eg hadde symje eit par lengder i dag tok eg ein lengre pause uppe på land. Eg vil læra meg å kråla, so eg ville spyrja vakten um det. Han var ikkje ledig, so eg venta. Det hang ymse plakatar der det stod «Sym til Spania» der du skal symja 10 000m frå 1. januar til 31. mars. Høyrast ut som ein perfekt ting for meg!

Falke speler vasspolo i Stavanger

Eg tenkte eg skulle starta frå no, og etter eg hadde spurd vakten um kråleundervisning og lengda på bassenget so hoppa eg uti att. Eg kom på ein del ting:

  • Bassenget er 25m langt
  • 500m vert då 20 lengder
  • 10 gongar fram og tilbake
  • Det høyrast greitt ut
  • I dag er det 34 dagar att til 31. mars
  • Symjer eg 500m/dagen treng eg berre 20 dagar på meg
  • Eg bør prøva å symja ein del kvar einaste dag
  • Eg er ikkje interessert i å vinna tur til Spania, men å symja 10 000 meter til april

Meg og Rebecca var ein time i bassenget i går. Leika og trente. I dag var eg der ein halvtime, med ein lang pause i midten. Eg trur eg sumde 400m i dag, i alle fall ikkje kortare. Eg ville ikkje taka med kor mykje eg sumde i går, sidan eg vil vera sikker på at eg hev klart 10 000 når eg gjer det. Det var ein god del rundar i går, men det vert gjetting.

So, berre 9 600m og 34 dagar att! Det er berre å starta! :D

7 innspel til «Eg skal symja 10 000m til 31. mars»

  1. sa Skjalg 23:14

    Flott Odin.. Håper du klarer det med den nye dietten din. Eg symjer 1000m og sykler 6-8 mil i veka. Fin kombinasjon i styrke og kondisjon….. Har du fått deg sykkel?

  2. sa Rebecca 12:17

    Dette er så bar forandring fra i fjor, Odin! Kjempebra! Kanskje du til og med får helt vaskebrettmage når du har svømt 10000 meter, tihi :P Og så er det moro for meg å ha noen å svømme med :)

  3. sa Rebecca 12:17

    Mente _bra_forandring, selvfølgelig.

  4. sa Rebecca 12:18

    Herregud, så masse feil jeg skriver i dag, da! Åssen får man kursiv?????????

  5. sa Egil 12:35

    Du setter _ foran og etter skriften slik. :)

  6. sa Monique 22:07

    Ooh, huske eg alltid pleide å svømma t Grønland. Nå e plutselig ikkje Grønland godt nok lengre. Kosekos :) Kom t Sola og svøm mens eg passe på dokk ein gang. Hadde våre kos.

  7. sa Odin 21:46

    Skjalg: 1000m på ein gong då? Eg klarar det kjempeflott med dietten, ingen problem. :-)

    Rebecca: Haha, eg trur nok ikkje eg fær so mykje finare kropp, nei. Stakkar deg :P

    Monique: Huh? Du pratar berre tull :S

    Men eg kann godt symja på Sola, viss det er ein bra hall :P

Kom med innspel

Du kann nytta textile eller enkel xhtml (<strong> <em> <blockquote>). Innspelet kann verta heldt att for søppelsjekk, logg inn for å sleppa.