Velmont - Odin Hørthe Omdal

2007-11-28 09.52

Til Sogn og Fjordane!

Då dreg eg veldig snart til Sogn og Fjordane for å starta lag i Årdal, og for å vitja Firda MU. Bussen gjeng um ein time, og eg må pakka og koma meg av stad. Heldigvis treng eg ikkje mykje;

  • Tannkost.
  • Lommabok (med visakort).
  • Tilfang og nyskipa lag-skjema.
  • ...
  • Litt varme klede.
  • Ahh! Sikkert litt kontantar, i Sogn og Fjordane hev dei sikkert ikkje bankterminalar.
  • Hum. Eg må taka ut pengar då. Det gjer eg aldri.
  • Forresten må eg truleg skunda meg og ikkje skriva innlegg…

So eg gjer det. Hadet godt! :D Eg gler meg, litt skræmt og nervøs (og det vert truleg verre når eg kjem nærare Årdal). Eg hev diverre sers lite peiling på skiping av lag. Vonar alle er snille med meg og at mange av dei tek verv i styret og vil jobba med det :-)

2 innspel til «Til Sogn og Fjordane!»

  1. sa Egil 12:41

    Ikkje dra heim att uten båe lommabok og nøklar nå då.

  2. sa Skjalg 14:22

    Eg seier meg totalt samd i Egil sine fråsegner. Og hugs å ta med deg fotoapparatet og.

Kom med innspel

Du kann nytta textile eller enkel xhtml (<strong> <em> <blockquote>). Innspelet kann verta heldt att for søppelsjekk, logg inn for å sleppa.