Velmont - Odin Hørthe Omdal

ARGH! Hekkans stygge posten, no er eg SO LEI!

FAEN! Aaargh! Eg betalte nett kjempemasse pengar for å få dei fjøsvæta nyklane mine send her til Oslo kjappast råd. (...)

6 innspel

Ikkje i skriveperiode no

Med få oppdateringar seier det seg sjølv. Eg skriv ikkje mykje til heimesida for tidi. Men eg oppdaterer heller Twitter-profilen min. (...)

5 innspel

I Oslo utan bustad, om att

Ein slitsam togtur til Oslo i dag. Eg såg for det meste Anime-serier og jobba so smått på eit skuleprosjekt. Traff på Marius (!), henta STK1000-boki på Ping og drog til Kringsjå. So kom eg på det; sakkan, eg gløymde dei hekkans nyklane heime på badet i Stavanger.

eitt innspel

Ei vìka i Nidaros (eller Trondheim)

I går (tysdag) drog eg opp her til Nidaros for å vera tilstades på «premiera» til STEP-filmen. Det er ein informasjonsfilm um STEP som eg hev redigert. Der fekk eg blomar og gode ord, fyrr Marte og Hanne (dei som hev gjort største delen av prosjektet) drog attende til Stavanger. På kveldingi etter middag og dessert drog eg til Karlsen. Her sit eg no.

4 innspel

Sola kulturteater med ny oppsetjing: Rebecca og Miriam spelar snart i Moulin Rouge

Rebecca er overlukkeleg yver kor bra stykket deira på Sola Teater vert. Eg skal dra ned for å sjå det. Vert ein stress tur – men heilt sikkert verdt det. Dei speler 22., 25. og 26. mars, so set av kl. 20.00 ein av desse dagane no. Eg kjem til å sjå det sundag 25. mars, um du vil gå saman med meg.

11 innspel

Fleirfasisk/polyfasisk soveprosjekt lagt på is

Etter ei stor «blemme» i dag, utsett eg prosjektet som lova. Eg klara aldri koma yver humpen til ekte fleirfasisk soving. Eg trudde det, men etter evaluering fann eg 48-timar syklusar, som ikkje er det same. Eg hev til fyremål å trena meg sjølv og starta prosjektet med betre fyresetnader enn i dag.

16 innspel

Fleirfasisk/polyfasisk søvn, dag 8-11

Eg byrjar verkeleg koma inn i sovemynsteret trass yversovingi. Trur eg er ferdig med ho, sjølv um eg statistisk sett vil yversova ein gong no ganske snart. Eg er fullt klår yver det og skal unngå det i dag. Trass kor…zzz…vanskezzzzZzzzzz.

7 innspel

Fleirfasisk søvn, dag 6-7

Dag 6 starta veldig dårleg. Det var denne dagen eg yversov so fælt. Eg hadde vore på pub med mortehu og Håvard og vakna ikkje av klokka. Kjennast lengje sidan trass i at det var på laurdag (og no er måndag). Eg sov til neste morgon, so låg eg lengje i senga og lurte på kva som hadde skjedd. Dagen etter, derimot, var fantastisk. Eg traff søvn på alle plassane, og hadde masse energi heile døgnet.

4 innspel

Fleirfasisk søvn, dei fyrste dagane (0-5)

Eg er nett oppe frå ein fantastisk syklus. Eg vakna i sjokk yver ein sikker forsoving, eg kjende eg hadde vore vekk kjempelengje. Men det var ikkje lengre enn 20 minutt sidan eg la meg ned. Eg draumde kjempemasse, 8 timar verdt drauming på 20 minutt. Det var kjempeherleg. Men fyrr det vil eg altso prata um dei siste 5 «dagane» fyrr denne. I [ikkje alt for] korte trekk.

7 innspel

Fleirfasisk søvn, mitt nye sovemynster (forsøk)

Eg hev starta på eit eksperiment. Ute på byen attende i desember kom eg i snakk med ein hyggeleg kar um vika eg hadde hatt. Eg hadde omtrent ikkje sove og jobba slag-i-slag, som svar fortalde han meg um noko eg aldri fyrr hadde høyrd um: Uberman søvn (og kalla Polyphasic sleep eller Da Vinci sleep). Dette var nokon sjuke greier, eg vart straks oppslukt – dette måtte eg prøva når tidi var inne.

25 innspel