2007-01-31 11.24
Eg er (nesten) ein morgonfugl!
Det er sikkert ikkje spesielt for nokon av dykk; men i dag stod eg opp 10.00, tvo timar fyrr fyrste forelesing(!). Eg byrjar få ei meir normal døgnrytme (ikkje naudsynt betre, då ;-) ). Eg hev lyst å få opp skrivinga på sida mi att, eg vil kvitta meg med masse gamle innlegg som ligg og ventar i boki mi. Eg kjenner eg ikkje vil skriva av di eg hev ein kø på yver 10 innlegg i boki allereie (ugh :-s). Kann henda eg ser at nokon av dei er dårlege no, so langt frå eg skreiv dei – at eg berre kastar dei då. Hadde vore like greitt, mindre å skriva yver av gamle ting :p
Relaterte innlegg
Merkelappar: Morgonfugl