Velmont - Odin Hørthe Omdal

Varm, varm dusj. Ahh

Hoo-ha! Mobilen starta vekkesekvens 0900. 1000 (rett fyrr forelesing) stod eg opp, då hadde mobilen nett stoppa den timelange pipinga. Eg tok ein varm, varm dusj og sat av gårde mot Universitas fyrr dagens studiearbeid.

eitt innspel

Eg er (nesten) ein morgonfugl!

Det er sikkert ikkje spesielt for nokon av dykk; men i dag stod eg opp 10.00, tvo timar fyrr fyrste forelesing(!). Eg byrjar få ei meir normal døgnrytme (ikkje naudsynt betre, då ;-) ). (...)

0 innspel :(

StavaaangåÅRrsk e’ så fiiiint~!

Sat glad og fin og sippa økologisk mjølk frå kartongen på t-banen. Statistikkforelesinga var eg allereie for sein til, men reiste lell. Tri jentor sat ei sitjegruppa framfor meg og kom innpå målføre, eller dialekt som dei sa. Eg spissa øyro «Blablabla, den og den dritstygg, blablabla» ... «Nei, um ein skal hava noko, lyt ein prata stavangersk» «Åhh, jaah, stavangersk er berre so fint!». Haha, eg sat og gliste stort. Dette var jo kjempemoro. So prøvde dei seg på stavangersk. Supersøtt; «Eg e’ fra StavaaangåååRrrr».

14 innspel

Rebecca vert ikkje med på NMU-vinterleir

Eg hadde tenkt å skriva ei kort gladmelding um at Rebecca skulle visst vera med på vinterleiren til NMU lell. Det viste seg igjen å vera feil. (...)

6 innspel

Sjuke tider me lever i, helgi er ikkje lengre kva ho var

Eg hev seti konsentrert å jobba dei siste 6 timane. So kom eg plutseleg på ein ting; hekkan, det er jo måndag i dag! Eg fekk ikkje mild panikk og gjekk ikkje rett og la meg. (...)

8 innspel

Tenk lokalt, handla globalt

Ei jenta fekk ein vassbøffel til jol. Ho kom ikkje til å taka i mot han sjølv, men ein fattig familie i Asia ville få han. Men i den lille teksten til Heifer International stod det at det ikkje ville kaupa ein ekte bøffel, men pengane ville gå i eit vanleg godgjerande føretak. Kjipaste jolegåva, spør Greenspun i bloggen sin. Han fær svar frå Bob som bur i Kina, og frå der finn dei ut at dei skal gjeva ein bøffel på ekte.

6 innspel

Jadå, 0500 igjen! Hehe

No er klokka yver 0500 att. Hehe. Eg elskar å fortelja um dette på heimesida. (...)

9 innspel

Fyrste skuledag: Nyklane mine er tulla vekk

Eg tok t-banen til Kringsjå, ingen nyklar. Uff, eg hev lagt dei igjen ein plass. So eg vart lei meg og såg på klokka, 00:30. Tok siste t-bane attende til Ping. Der sat Morten og Erik framleis, og no sit eg her med dei. Klokka 02:30. Fyrste skuledag gjekk greitt, men det hev vore lite soving i det seinare. Eg veit endå ikkje kva eg skal imorgon, anna enn at det vert mykje og stress. Elles hev eg Universitas-jobben på topp.

15 innspel

Disney stoppar ytringsfridom og stengjer blogg

Ein bloggar sende ein e-post til m.a. AT&T, VISA og Bank of Amerika um det (m.a.) rasistiske innhaldet i radioprogrammet der dei reklamerte i. Då VISA trakk seg ut svara Disney-konsernet med å senda eit trugsmål til bloggaren. Ljodklippi han bruka (under «fair use») som prov, vart kalla brudd på åndsverksloven (copyright). Nettsida til bloggaren vart teki ned av nettilbodaren honom, ei «effektiv» måte å stansa ytringsfridom. Dette er endå ein maktdemonstrasjon frå eit stort fælt selskap. Å senda privatfolk i personleg ruin for å skremma andre hev vorte ei vanleg praksis for skruppellause amerikanske drittkonsern.

12 innspel

Mista det forbanna Norwegian-flyget

Aaargh! Eg vert so sint. For tvo månadar sidan fekk eg ein epost av Norwegian som sa at ruta mi var endra til eit tidlegare tidspunkt (kva faen?), eg skreiv det ned. So ringde dei og sa det, greitt nok – hadde jo skrive det ned. Men no i går då eg sjekka tidi for avgang såg eg jo sjølvsagt på billetten min; og dei hadde ikkje sendt meg ny billett, so klokka var sjølvsagt feil. Så eg rakk ikkje det stygge flyget.

5 innspel