2006-12-08 01.11
Ikkje-jævlig fødedag (går det?)
So vart ikkje fødedagen min jævlig lell. Eigentleg hadde eg berre trudd han ville verta småtrist. Var på årsmøte i Ivar Assen-sambandet, var hyggeleg, Elisabeth var der. Etter det skulle eg på pub. MEN! Så fær eg ein telefon; eg måtte henta ei pakke på fyrr dei stengde. Eg sprang ned og fann Rebecca(!) i butikken!
Eg vart kjempeoverraska og superglad. Det vart eit kjekt døgn (no er ho vekk). Eksamen i INF1040, eg fær ikkje A, og vil ikkje hava C. So tek han gjerne om att om det vert C. Takk for alle dei koselege innspela (kommentarane) forresten! Dei siste dagane hev vore fantastiske på heimeside-fronten ;-)
Relaterte innlegg
Merkelappar: Fødedag
Det e nå godt å hørra at 20årsdagen din va en suksess! Greit å vær ferdig me en eksamen og kan eg tenka meg :)
Eg er ferdig me tvo; fyrste (INF1000) gjekk kjempebra – vert skuffa om eg ikkje fær A. Dette var andre. Om nokre dagar kjem eg til tredje – det er matte. Ugh. Gler meg ikkje!
Eg var heller ikkje nøgd me eksamen i INF1040, men fekk B lell, så vent på karakteren.
Eg la inn Ubuntu med nynorsk locale på jobb forreste. Hihi
Egil: Eg hev òg nynorsk Ubuntu ;-) Kann henda eg òg fær B då. Hadde vore greitt.