Ingen, til få uppdateringar
Eg er på joleferie i heimen. Difor vert det lite aktivitet her. Eg ville gjerna leggja ut eit par tekstar her fyrr jolehøgtidi, men eg fekk ikkje tid. Kann henda eg gidd leggja det ut seinare. (...)
5 innspelEg er på joleferie i heimen. Difor vert det lite aktivitet her. Eg ville gjerna leggja ut eit par tekstar her fyrr jolehøgtidi, men eg fekk ikkje tid. Kann henda eg gidd leggja det ut seinare. (...)
5 innspelNo er eg nett ferdig med boka eg las; The Litte White Horse, og hev dimed ikkje noko å gjera på bussen/t-banen lengre. Dimed kann eg skriva. I går hang eg med Espen, me stakk på joleverkstad med SmiO. Eg fekk ikkje noko ut av det då – laga berre peparkaker og marsipan som eg la att. Men moro var det, og sers hyggeleg.
16 innspelSo vart ikkje fødedagen min jævlig lell. Eigentleg hadde eg berre trudd han ville verta småtrist. Var på årsmøte i Ivar Assen-sambandet, var hyggeleg, Elisabeth var der. (...)
4 innspelEg hev fødedag i dag … om enn, ein superkei ein. Imorgon er det eksamen i 1040. Noko eg ikkje trur gjeng like bra som eksamen i INF1000 (der reknar eg med A). (...)
12 innspelWohoo! Eg hev snakka til fleire i blokka mi! Rektig nok berre «Good night» med svar attende; men det var jo noko. Eg kjenner meg eitt hakk mindre totalt åleine på denne plassen, Bjerke Studentheim.
12 innspelEg draumde masse i natt, mellom anna hang eg med Fredrik og tvo jenter, sikkert veninner av han sidan eg ikkje hugsar dei. Det er likevel den seinare delen eg hugsar best og mest av, då Fredrik plutseleg vart byta ut med Falke og me stod på ein parkeringsplass…
7 innspelSidan so mange hev vore lei seg for at sida hev fengje ei pustepause (spesielt Monique, Egil og Nader), so er ho no oppe igjen. (...)
31 innspel