2006-11-03 15.54
Folk går ikkje ut utan musikk på øyro
Alle på busstoppet høyrer på musikk. Då kan eg gå fram og tilbake og syngja utan at dei tri med-ungdomane mine trur eg eg gal. Inne på bussen er det endå fleire som sit med hovudtelefonar, eg er einaste som ikkje gjer. Mista jo MP3-spelaren min for ei tid sidan. Og helvete som eg missar å skriva i boka mi…
Egil: Veit ikkje heilt om eg treng musikk på øyro heile tida. Men eg må vel kaupa meg ein ny spelar snart.
Nei, og nei igjen. Det skal du ikkje gjere. Koffor skal du gjere som alle andre Odin. Dette kan du klare deg utan – det er så mykje anna du kan høyre på, kanskje du kan snakke med nokon på trikken, på bussen, eller på ventestaden hos lejkjaren….
Skjalg: Haha. Om eg kaupar ein mp3-spelar, så er det ikkje av di alle andre hev det. Eg vil i so fall kaupa ein som ikkje hev noko DRM-drit i seg, og som spelar Ogg Vorbis. Det er herleg å høyra på musikk.
Og eg plar jo aldri gjera noko berre av di andre gjer det. Eg gjer det jo i so fall av di eg er overtydd og meiner det er bra. Prata med folk er bra, men det kjem ikkje automatisk for meg heller. Ikkje alltid eg vil, og sjeldan eg tør.
Uansett kan du kjøpe ny 7. sans sak som du kan bytta ut innleggå i. a-plan etc.
Egil: ... Det hev eg jo! Eg hev kaupt1 ei bunke nye ark no! :D No skal det gå bra ;-)
1 Hekkan, eg lyt finna ei betre nynorskordbok som hev dei gode, gamle orda – der dei ikkje er fjerna grunne ein teit samnorsk-politikk.