Velmont - Odin Hørthe Omdal

Norsk esperantoungdom på TV, Odin på TV?

Safari skal gå imorgon tysdag 28.nov, dei var der under fotograferinga av meg, då eg var modell for Bård Ask (hoho). Blir moro å sjå bileta til Bård Ask, han var ein kul fyr. (...)

6 innspel

Eg lurar på om eg tek fly frå Oslo til Stavanger

Eg lurar på kvifor flyvertinna ler so hjarteleg til mannen som sit på fyrste rad i flyget. Ho sit ganske nært òg. Eg tenkjer det er broren. Det var noko litt rart med han, så eg trudde ikkje det var kjærasten. Rar denne dømminga på førehand. Mannen snakkar. Han hev ei heilt utruleg flott stemme. Mørk, stavangersk, seriøs. Interessant. Hmmm. Diggar stemma.

4 innspel

Pappa spammar i kommentarane, medan Yvonne ikkje vil skriva

Eg oppfordrar alle til å skriva under på “oppropet/underskriftskampanjen til Schancheholen velforening”:http://www.opprop.no/opprop.php?id=støyskjerming (same kvar du bur!). Men eg synest oppfordringa til pappa var malplassert i kommentarfeltet – dimed fjerna eg han og putta han heller er. Sidan eg allereie er på eit so bloggete tema, kann eg via resten av innlegget til eit blogg-navlete innlegg om Yvonne. :]

17 innspel

Etevanar, nei -uvanar

Eteuvanane mine når nye botnpunkt. For det er det det er (sic); eteuvanar.Etevanar hev eg ikkje. Nada. Finst ikkje. Det einaste ein kanskje kann kalla ei vane er det å ikkje eta. Off-off. Uvanar.

14 innspel

Ingar Arnøy. Helt.

Wow! Berre, wow! Eg kan ikkje ordleggja meg betre enn dei som ikkje kan ordleggja seg. Byter det ut med store augo, måpande munn og stadig gjentakande positive, enkle og overraska ord. Ingar Arnøy er helt. No er han ikkje den store altoppslukande helten, men når det kjem til målsak, å hava dritgode foredrag og ikkje minst det å engasjera, så er han superhelt.

4 innspel

Nokon hev visst fritidsproblem

I går natt fekk eg vita at det faktisk bur nokon ved sidan av hybelen min. Eg la meg kl. 3 (sat oppe og hacka på Stavanger Casting, starta på botn. No med mitt eige rammeverk!) og då høyrde eg høgt og klårt stemmar i det andre rommet. Dei snakka høgt, og smalt med dørene, men i natt var det verre.

12 innspel

Folk går ikkje ut utan musikk på øyro

Alle på busstoppet høyrer på musikk. Då kan eg gå fram og tilbake og syngja utan at dei tri med-ungdomane mine trur eg eg gal. (...)

6 innspel