Kalde tider
Det er dritkaldt når eg står på Sinsen t-bane og ventar på banen. Dritkaldt. Hekkan, eg trudde det var Stavanger som var gufset med vind og greier. Her er det dritkaldt, pluss vind! Brrr. (...)
5 innspelDet er dritkaldt når eg står på Sinsen t-bane og ventar på banen. Dritkaldt. Hekkan, eg trudde det var Stavanger som var gufset med vind og greier. Her er det dritkaldt, pluss vind! Brrr. (...)
5 innspelFor nokre dagar sidan var eg på toget til Oslo (frå Høybråten). Eg fekk ein telefon frå Norsk Esperantoungdom (NJE). (...)
eitt innspelPhew! Jammen bra eg fann ut eg skulle koma tidleg åt flyplassen i dag! Ikkje berre tidleg, men ekstremt tidleg. Ein time før avreise. Då eg kom opp i reise-hallen var eg møtt av eit horribelt syn; endelause køar foran sikringssjekken. Sjølv med mi ekstremt gode tid vart eg forferda. Tenk om eg berre hadde hatt mi normale, dårlege tid!
17 innspelÅ vakna før vekkjeklokka ringjer er spesielt. Når det skjer ein gong er det moro, når det skjer heile tida byrjer ein forstå kor kul kroppen kan vera når han fungerer. Tøft.
(Forresten fyrste gong eg hev ein ingress som ikkje er lik det som står i innlegget! Eg ventar straumande gratulasjonar såvel som sinte kommentarar; fyr laus!)
8 innspelEg går inn på Ping. Må få betalt desse tri rekningane. Eg sjekkar eposten og bloggane eg fylgjer med på. Plutseleg er heile dagen gått. Bussen heim er gått. Eg sit oppe til kl.5. Les på ymse. Står opp kl.10, loggar inn på pcen igjen, sit til 16. No er eg svolten. Lengje sidan ekte mat. Eg et med Johan på Fredrikke.
6 innspelMin gode ven Jarle Fagerheim hev skaffa seg ny blogg. Dette gler meg, sidan Jarle seier veldig mykje fornuftig og skriv godt. (...)
eitt innspelTja, litt rar tittel. Men poenget er at eg sat oppe i heile natt og gjorde INF1040-oblig. Eg er framleis ikkje heilt ferdig; så det må eg bli. Kl 06:00 la eg meg, og vakna av Kristin Halvorsen som la fram statsbudsjettet. Her var mykje bra! Eg må seia eg fekk fornya tillit til regjeringa no. Dette her er bra!
9 innspelFaen, faen, faen! Eg sit og ventar på T-banen og er alt for seint ute til å nå flyet mitt til Stavanger. Faen! Eg fekk eit sjokk tidligare på kvelden og trudde eg var for sein. Det var eg slett ikkje og tenkte eg måtte gjera meg ferdig med matte-obligen i staden. Det er jo forsåvidt litt lurt, i og med at eg stryk om han ikkje leverast imorgon. Sidan eg dreg, iallfall teoretisk, i dag må han dimed vera fordig no. Aaaargh. Faenskap.
8 innspel