På Ping heile natta
Siste t-bane er gått. Siste buss er gått. Morten er gått. Med andre ord, siste mogleik for å koma til byen er vekk. Siste mogleik for å koma heim er vekk. (...)
eitt innspelSiste t-bane er gått. Siste buss er gått. Morten er gått. Med andre ord, siste mogleik for å koma til byen er vekk. Siste mogleik for å koma heim er vekk. (...)
eitt innspelNår eg skal til Blindern tek eg buss fyrste etappe. Etter det trikk og så beina. Eg brukar beina på veg opp til bussen óg – slik eg nett gjorde for nokon minutt sidan. Det er ein herleg dag i dag. Sola skin og eg såg ei lita jente som absolutt skulle over gjerdet til bedet mdan foreldra hennar absolutt ville gå vidare og babla til ho på arabisk eller noko. Det fekk meg til å smila. Bredt.
eitt innspel
Jepp, då var ventetida over. Eg fekk epost frå SiO (studentsamskipnaden) for litt sidan om at det var ~30 ledige hyblar. Eg svara med ein gong, men fekk ikkje hybel. Men så, fire dagar seinare fekk eg tilbod på Bjerke studentby. Eg kjem truleg ikkje til å bli buande der (ingen internett), men no er det mykje enklare for meg å byta buplass sidan eg er inne i systemet!
Det er ein konspirasjon. Eg er låst inne i Informatikk-bygningen, ikkje berre inne i bygningen – men inne i ein liten del av han. Her fins ikkje anna enn Coca Cola. Eg som ikkje liker Coca Cola. Eg liker ikkje Cola generelt, faktisk. Og så mat, då. Ingen. Elles umogleg å koma ut. Jodå, eg kan utløysa brannalarmen, men så slem er eg ikkje. Hadde sikkert berre sett meg i masse problem same kva. Semesterkortet mitt ligg truleg i posten, hadde eg hatt dèt hadde alt gått bra, men ikkje no – nei.
7 innspel