Velmont - Odin Hørthe Omdal

2006-08-22 15.10

Skyting på Aker Brygge

Eg var med Maria og Øystein og solgte nynorsk, økologisk supergod is på Aker Brygge. Me stod i fleire timar. Då meg og Maria endeleg satt på veg heim gjekk me rett i nokre politi-sperringar. Det var menn i kvite frakkar og masse utstyr, kamera og anna politi-greier. Her hadde det visst vore skyting på Aker Brygge, rett bortfor oss medan me solgte is. Kanskje difor det plutseleg blei så få kundar?

Relaterte innlegg

Merkelappar: ,

2 innspel til «Skyting på Aker Brygge»

  1. sa Skjalg 23:55

    Det det eg seier – Oslo og Stavanger er mykje meir uttrygge enn Manila og Ho Chi Minh City. I Stavanger skyt dei og på gata for å ikkje snakke om NOKAS-saka.

  2. sa Odin 13:36

    Skjalg: Velvel, eg meiner ikkje det er spesiellt utrygt. Skyting skjer vel ofte i Manilla? Det er berre ikkje stort nok til å klistra over nyhendeskjermane heile dagen. Same kva; å gå å vera redd for slikt øydelegg ein mykje meir enn den reelle faren er. Det er nett som å vera redd for å fly men ikkje redd for å køyra bil!

Kom med innspel

Du kann nytta textile eller enkel xhtml (<strong> <em> <blockquote>). Innspelet kann verta heldt att for søppelsjekk, logg inn for å sleppa.