Velmont - Odin Hørthe Omdal

Eg tek informatikk!(?)

Universitetet i Oslo sin logoGløym alt eg hev sagt om nordisk. Eg kjem ikkje til å taka det, eg fann ut eg var ferdig med den tradisjonelle skulebenken. Nordisk er stort og vanskeleg. Pensumet er digert og eg interesserer meg berre for litt av det. Hadde lika det reint praktisk filologiske, men resten hadde sikkert vore eit stress. Difor fekk eg sletta nordisk, så no ser det ut til at neste år blir Informatikk i Oslo!

Oppdatering: Det blir det! Eg flyttar til Oslo 11. august.

12 innspel

Kollektiv iPod-runking (hypealarm!)

Øydelagd iPod, ekkel hipp trendiPod meg her, og iPod meg der. I artikkelen «Kunstmuseet satser på iPod» kunne ein for nokre dagar sidan lesa korleis reklamen hev storma inn i Aftenbladet. Det er trist å lesa så unyanserte og heilt klart «hippe» artiklar. Greitt nok at Apple klarar penetrera ungdom på min alder, dei er jo ofte særs mottagelege for reklame, men kor tid meldte resten av verden seg inn i saueflokken?

10 innspel

Espen er klar for krig igjen

Espen fekk seg ein hÃ¥rklippEtter ein lang 10-dagars ferie frå krigsforbereding, må Espen tilbake. I denne tida har han latt u-krigslege ting skje; håret hev take overhand. Før han tek toget tilbake imorgon må det difor vekk. Hår er slemme greier i krig – generalane vil ikkje lata soldatane deira bli for lette bytte mot jentenes kjende torturmiddel. Nokon måtte jo gjera denne tunge jobben, og kven kunne vel ikkje gjera det meir perfekt enn meg, Odin!? :D

2 innspel

Månadens video: Telefonpimpin’

Telefonpimpin, bilete av EspenDette er ein særs gamal video (frå 2002?). Mange av dykk hev sett han allereie, men då i ein litt stiligare innpakking med musikk. Musikken er take vekk litt på grunn av at eg ikkje gadd å finna han fram igjen (+ ikkje hadde tid) og litt på grunn av rettighetsdrit. Eg lot teipen gå litt lengre på denne videoen, så det er «ekstramateriale» av kva me gjorde rett etter me hadde laga Telefonpimpin’. Det er ein grunn til at eg aldri hev vist det før…

8 innspel

Kortnytt i nyhendestraumane

Eg la til Kortnytt i nyhendestraumane (RSS) no. Tenkte dei som abonnerer på nyhendestraumen vil at det skal vera noko nytt litt oftare, då er jo dei små fillesakene i Kortnytt greitt å ha med. (...)

3 innspel

Dyr rekning for heimesida

Då dumpa ei rekning ned i postkassa. 660kr for vevhotellet mitt der eg hev heimesida og alt. Hum. Eg synest det byrjer bli litt dyrt eg. (...)

2 innspel