2006-01-02 18.58
Heimesida mi har vore nede ei stund
Heimesida har vore nede i fire dagar no. Det skjedde då eg skulle oppgradera WordPress, systemet som driv bloggen min. ServeTheWorld, dei som eg leiger vevhotellet og dns av klåra taka frå meg rettigheitane til å endra innhaldet på velmont.net. No er det fiksa igjen, heldigvis.
Oppdatert: Sida er oppdatert til WordPress 2.0 no, for dei som er interessera ;) Eg tenkjer eg skal gjera det same for dei andre bloggane eg administrerer etter kor ofte dei er oppdatert. Her er lista forresten:
- Min (wohoo :P)
- Rebecca sin, http://rebecca.velmont.net/
- Monique sin, http://monique.velmont.net/
- Tor Eirik sin, http://teirik.velmont.net/
- Hege sin, http://hege.velmont.net/
- Miriam sin som eg endå ikkje har fått i gang. Ugh. Offameg. Men eg er ikkje sikker på om ho vil bruka han, difor har vel kanskje litt av pågangsvilja gått vekk.
Eg ga mappa (velmont.net) eit nytt namn for å ha ein kopi av den gamle sida, men då oppretta plutseleg root (superbrukeren/administrator i UNIX-system) denne mappa sjølv. Men han ga meg ikkje skriverett eller eigarskap! Dimed kunne eg ikkje leggja dei nye filene inn i mappa; og resultatet blei at sida ikkje fungerte.
Eg sende epost til STW, og dei fiksa det fyrste arbeidsdag. Kunne vel eigentleg ikkje forvente anna, men hadde vore greitt å hatt han oppe då eg hadde lyst å fikla i ferien…
Elles
No må eg gå. Skal bort til Rebecca. Eigentleg utruleg at eg tok meg tid å skriva dette, – men det har vore så utruleg tynt i det siste at eg heilt har gløymd gleda med å skriva. Eg vil finna ho igjen. Dimed måtte eg prøva, trass i at det sinker meg litt til Reb.
Eg feira nyttår med ho, hos ei veninne av ho. (Rebecca sitt innlegg: Klemmeåret 2006) Var rundt 16 stk der. Utruleg koseleg. Me stakk heim til Rebecca og sov der med lillesyster hennar, Miriam, og veninna til Miriam (og meg :D) Monique. I går åt me 1.jan-frukost her. Greitt å vera litt her heime òg :) Etter det gjekk me tur rundt mosvatnet og tok eit par bilete. Tok eit par av Rebecca òg, så no kan eg leggja ut bilete.
Eg har starta å lera meg programmeringsspråket C#. Litt meir spesifikt lærer eg meg mono og GTK#. For dei (få?) som veit kva dèt er. Kanskje eg skriv litt meir om det og legg ut eit teit program her i framtida. Aldri sei aldri! :D
Elles elskar eg Linux for tida. Eg finn så utruleg mykje kult – og så mange stilige prosjekt (f.eks). Det er herleg å leva med Linux. Eg ler inni meg kvar gong eg fiksar ein XP-laptop for ein eller anna lærar på skulen. Mohahahaw.
Ok. Rebecca. Dra. :)
Relaterte innlegg
Merkelappar: Vevsida
Hihi, på tide an kom opp igjen :D har tatt meg sjøl ett par tre ganger dagen i å sjekke om velmont.net har vært oppe igjen, men t min store skuffelse, så har an vært lenger nere enn kjelleren e i de fleste hus.. Men nå e jo alt fiksa igjen, så nå e det vel go gang svingstang i skriveprosessen din? ;)
Eller va heile denne nedetiden bare ett gimmick for å sleppe hets dersom du ikkje skreiv ein kommentar? For du har jo vært litt sløv i det siste (_kaste stein i glasshus_ ;)
Sette pris på at du prioritere oss framfor Rebecca, sjøl om det bare e ett par minutter, men føles godt :P hehe, bare skyndta deg sånn at hu ikkje bler sinte på deg, e aldri gøy det :P
Hørtes ut som ein kjekk måte å feira nyttår på :)
EG har btw innstallert GTK# nå, bare for deg, sjøl om eg ikkje vett koss eg ska bruka det ;)
Som sagt, kjekt me ny post, samt at velmont.net e oppe igjen ;)
Teirik: Eg har vore mindre sløv enn alle andre. Er jo trass alt berre eg som held det gåande. Har heilt klårt lengst historie óg, frå den fyrste «aktive» bloggen i Oxford.
Det er litt eg vil skriva om, tingen er at eg ikkje blir nøgd før det er langt og innhaldsrikt. Rebecca blir ikkje sint. Ikkje sint-sint. Irritert har ho nok vore då.
Forresten har ingen kommentert dei to siste innlegga.
Sint?
Moi??
Never!
Teirik: Sjå, sjå!
Hehe, ja du har vært flink har du :) men det e jo derfor at evt småpauser virke ennå lenger! det merkes rett og slett bedre då :)
Ja, du stille ganske høge krav, og det e jo både positivt og negativt. positivt på den måten at det som regel alltid e good shit som blir posta, negativt på den måten at det någen ganger tar litt lengre tid enn andre ganger ;)
Okdå, ikkje sint, men små-irritert då ;) hihi :)
Nei, kommentarer på de to siste har det vært dårlig av ja, det må eg ver enig i.
Rebecca: Nå må du vera snille me han ;) Han har jo en fast leserskare så han må levera good stuff t! ;) hihi :P
Teirik: med alle disse “hihi”’ene og “jørgen, eg elske deg” så må eg innrømma at du virke litt kånete :s
Odin: På tide du fekk oppdatert, nesten så du kan ble med i mitt og Tor Eiriks politiske parti! Me trenge medlemmer ska me få Terik inn i kommunestyret ;)