Velmont - Odin Hørthe Omdal

Oljeberget og Pingvinenes Marsj

Oljeberget, (c) SF NorgeEg kom nett frå kinoen, var på ein visning av Oljeberget med regissør Aslaug Holm i salen. Etter det var det diskusjon om filmen og rundt temaet den hadde. Dette var ein særs hjarteleg og herleg film om Jens Stoltenberg, to år fram til valseier 12. september 2005. I går såg meg og Rebecca vår andre fantastiske franske film på rad; Pingvinenes Marsj.

2 innspel

Vanskeleg å melda seg ut av Human-Etisk Forbund

Human-Etisk Forbund har vore til lite bry og jobba godt for sakar eg har vore dels einig i. No vil melda meg ut, men då er dei plutseleg utruleg vanskelege. Er ikkje dette organisasjonen som kritiserer statskyrkja for den same praksisen?

3 innspel

Då eg blei kjærast med Rebecca

Eg slutta å skriva dette innlegget der. Eg fann ut alle ville sjå eg var forelska i Rebecca (eg har endra tittel, han var kalla «Middag med Rebecca og Miriam» før). Hadde planar om å skriva det slik òg – for å så leggja det ut når me evt. hadde blitt samen. No til slutt måtte eg berre gjera det ferdig.

6 innspel

Den fyrste busstur

Min fyrste busstur på nærast eitt år, teksten var skrive for ca 4 månedar sidan – men aldri lagt ut. Eg legg han ut no. Pappa har byrja sykla til skulen, medan eg sit på med Terje (min nye medarbeider i IKT på Randaberg) kvar dag til jobb. Så stoda har jo endra seg.

eitt innspel

Practical Mono (ny bok) og eit mista innlegg

Då har eg tinga bok. «Practical Mono» frå Amazon.co.uk. Eg mediterte ei stund før det i dag. Trong det då eg mista 2 timars arbeid med eit innlegg her til bloggen.

4 innspel

Mohaw, litt dansing ein ikkje kan styra

Så er me tilbake her frå huset der ein heng meldingar med feite krigstypar oppå fastteipa ljosbrytarar. «HUSK LYSET!». Javel? Skal eg hugse ljoset? Det er vel kanskje alt me kan gjera, etter at badet no er dømd til evig mørke av ein ljosbrytar som ikkje lengre gjer jobben sin. Slikt skjer når ein teiper han fast.

3 innspel

Heimesida mi har vore nede ei stund

Heimesida har vore nede i fire dagar no. Det skjedde då eg skulle oppgradera WordPress, systemet som driv bloggen min. ServeTheWorld, dei som eg leiger vevhotellet og dns av klåra taka frå meg rettigheitane til å endra innhaldet på velmont.net. No er det fiksa igjen, heldigvis.

6 innspel