Velmont - Odin Hørthe Omdal

Intervju om bloggen min

Hetland VGS Eg fekk nett ein epost frå Karen på Hetland VGS, dei har eit avisprosjekt der ho skal ha eit intervju om blogging. Eller noko. Same kva, ho spurde om eg ville svare på eit par spørsmål – så her er svara.

4 innspel

Måltur åt Homborsund fyr

Denne flotte helga eg heilt hadde gløymd kom. Superkule folk frå målungdommen (Oslo og Stavanger) på ei lita øy med eit fyr. Det er tri veker sidan no, men likevel låg denne historia her som kladd. Gjorde han like godt raskt ferdig for å få det vekk frå kladdane. Koseturen var kjempekos.

5 innspel

Odin Bond fiksar pcar rett før bygget sprengjer i lufta!

AHAHAHH! Dritkult! :D Eg er nett kome frå jobb, og der var alarmen i ferd med å gå medan eg hadde eit par rom med pcar eg fiksa på igjen. Det blei springing. Det blei høg puls og utruleg spenning! Hahah :D Var slik stemme ute i vrimleområdet (frå ein pc) som fortalte at alle måtte forlate bygget, alarmen gjekk snart. Nett som i ein spenningsfilm!

3 innspel

Æææ! Prostituert!

Køyrde inn, parkerte, gjekk inn. Einaste bil. Eg er åleine heime sidan resten er i Kviteseid. Gjekk på do. DING-DONG. WTF? Kven inni… Kven ringjer liksom på NO!? (23:30). Eg kjende eg blei litt engsteleg, men opna døra…

7 innspel

Ei tapt periode

Tårevått golv. Det forsvinn ikkje. Ikkje raskt iallfall. Fliser har den funksjonen. Ein 7 år gamal gut sit samankrølla på golvet med hendene folda. Ein ateist som bêr åt Gud. Ein liten unge som gjer alt for å takle sorgen. Må prøve alt, berre for å vere sikker.

5 innspel

Haha, eg er så vims

Eg er ein liten vonding når det kjem åt halde avtalar o.l. Vel, å hugse dei iallfall. Eg er så vimsete utan ei bok, eller ein PDA som held orden på avtalane mine. Difor er det eg ser etter PDA i desse dagar; men sidan eg helst vil ha ein billig med Linux er ikkje det berre lett. Same kva; her har du litt vims som forandra heile helga mi.

10 innspel

Daffing på skulen/jobb

No sit eg på biblioteket her på Randaberg VGS. Eg sit i Linux. Hihi. Korleis kan du sitje på eit så bra OS på ein skule som berre køyrer dritt som Windows 98, og XP, spør du? Jodå, eg sit nemlig med trådlaust nett på laptopen min! Aahh! Suuupert!!!

7 innspel

Når vi døde våkner

Wee! Kom frå teateret nett, det var eigentleg planen at eg skulle vere der tidligare – men dagens gang har gjort det annleis. I siste delen av denne dagen (eg tek ikkje for meg den fyrste) har det vore jogging, forseintkoming, tusling i regn, kort møte, impulskjøp (vel, det treng ikkje vere materalistisk av den grunn! Meir impulshandling :P) og sist men ikkje minst; teatervitjing.

4 innspel

Superjobbing

Kva har eg gjort i helga? Jo, sitte inne. Ikkje heile tida? Jo. Heile tida. Heile? Vel, eg var ute i 10 minutt. Eg var nærast inne i 3 døgn. Var faktisk inne i over 2 døgn utan eit lite vindpust på nasen. Kva har eg gjort inne? Jobba.

3 innspel

Fyrste jenta

Ein liten pode sit på ein halvgul benk. Hyler av begeistring og lukke. Men berre inni seg. Han har det kjempemoro. Utanpå er det litt annleis. 9-åringen er på hyttetur, ei 2 år yngre jente likar han. Ho er kjempesøt. Får vite nyhendet av ei felles veninnene.

12 innspel