Velmont - Odin Hørthe Omdal

Intervju om bloggen min

Hetland VGS Eg fekk nett ein epost frå Karen på Hetland VGS, dei har eit avisprosjekt der ho skal ha eit intervju om blogging. Eller noko. Same kva, ho spurde om eg ville svare på eit par spørsmål – så her er svara.

4 innspel

Måltur åt Homborsund fyr

Denne flotte helga eg heilt hadde gløymd kom. Superkule folk frå målungdommen (Oslo og Stavanger) på ei lita øy med eit fyr. Det er tri veker sidan no, men likevel låg denne historia her som kladd. Gjorde han like godt raskt ferdig for å få det vekk frå kladdane. Koseturen var kjempekos.

5 innspel

Odin Bond fiksar pcar rett før bygget sprengjer i lufta!

AHAHAHH! Dritkult! :D Eg er nett kome frå jobb, og der var alarmen i ferd med å gå medan eg hadde eit par rom med pcar eg fiksa på igjen. Det blei springing. Det blei høg puls og utruleg spenning! Hahah :D Var slik stemme ute i vrimleområdet (frå ein pc) som fortalte at alle måtte forlate bygget, alarmen gjekk snart. Nett som i ein spenningsfilm!

3 innspel

Æææ! Prostituert!

Køyrde inn, parkerte, gjekk inn. Einaste bil. Eg er åleine heime sidan resten er i Kviteseid. Gjekk på do. DING-DONG. WTF? Kven inni… Kven ringjer liksom på NO!? (23:30). Eg kjende eg blei litt engsteleg, men opna døra…

7 innspel

Ei tapt periode

Tårevått golv. Det forsvinn ikkje. Ikkje raskt iallfall. Fliser har den funksjonen. Ein 7 år gamal gut sit samankrølla på golvet med hendene folda. Ein ateist som bêr åt Gud. Ein liten unge som gjer alt for å takle sorgen. Må prøve alt, berre for å vere sikker.

5 innspel