Dagstur tilbake til Split
Åh, eg er full av kake. Full av kake og kaffi. Fekk rive til meg eit digert napoleonkakestykke til 8kn, saman med ein diger espresso (dei klarar ikkje lage normal coffee her, sjølv kor mange gonger eg prøver å fortelje dei det) til kn 5. Ahh, max billig; max godt; alt for mykje for min mage.
Så skal me komprimere innhaldet litt. I dag har me bada, klokka er ikkje meir enn 4 endå, men det har me iallfall gjort i dag så langt. Stranda ligg ikkje langt frå Split sentrum, så han var ikkje spektakulær flott akkurat. Dei strendene er i øyene utanfor Split. Det er faktisk nasjonaldagen til Croatia i dag, er 14-15 år sidan dei blei uavhengige, utan at eg skal skrive meir om det.