Velmont - Odin Hørthe Omdal

Elevrådsrapport

Eg har vore sekretær for elevrådet dette året – i det høve måtte eg skrive ein rapport som sa litt om kva eg har gjort dette året. Tenkte det kunne vere interessant å ha på heimesida :p

3 innspel

Bannskap

Kukk, «fuck you», teikna av kamerat JonSylfest Lomheim frå språkrådet har skrive ein artikkel om bannskap, der han legg spesiell vekt på forholdet mellom geografiske sonar og bannord. Bannord er den delen av språket som er offisielt fordømt, men som likevel har eksistert så lenge me har påvist språk. Han peiker på utviklinga bannorda har hatt og avsluttar med å fortelje at bannskap er eit fagområde innan lingvistikken under språksosiologien.

7 innspel

Den unge scenen, festival på Det norske teateret, 2005: DUS-festival i Oslo

Oschlo. Mm. På torsdag hadde eg fyrst «Nyere historie» før eg sykla heim og kasta nokre klede i sekken av di eg skulle til Oslo. DUS-festival. Den Unge Scene. Me skulle spele stykket vårt «Lilla» to gonger på festivalen, og sjå på mange andre stykker – samt møte kjekke folk. Hyggeleg var det, sjølv om det alltid må skje ein del drit ting når Odin er på reisefot. Alltid.

12 innspel

Smokeh

Odin, skodespelar i filmen Dagen i dagDress, tirsdag og onsdag gjekk eg nesten berre i dress. Neidå, det er ikkje ei radikal omvending av min politiske ståstad; eg er ikkje blitt høgre-ungdom. Dress er tøft då. Dress er “Resevoir dogs” og tørre kommentarar. Men det er berre tøft ei avgrensa periode; ikkje heile tida. Vil eg kanskje berre vere tøff i nokre dagar?

3 innspel

Mjølk er det som eig mest!

Superfantatstisk Tine Mjølk!Då eg opna kjøleskapsdøra i dag såg eg ein hyggeleg overrasking; Tine har fått nytt design på mjølka si. Ikkje berre dèt – men designet er retro, inspirert av den «gamle» mjølkekartongen. Det er retromoderne og nesten usømeleg sexy! Eg hugsar sjølv desse gamle mjølkekartongane frå den perioda rett før dei byta design, og eg slutta å drikke mjølk.

11 innspel

Lause låsar på parkeringsplassen

Syklar i skulegardenSå står eg der då. På sykkelparkeringa til Hetland. Eg tenkjer på lås-hackane eg nett såg på hackaday, ein blogg eg les kvar dag. Nokre minutt seinere står eg med ein sykkellås i handa, men det er ikkje med same måte som eg las på internett.

6 innspel

Nokia 3310

Superfantastisk mobil fra Finland! Uante krefter ligge inni denne gjenstanden. E det kryptonitt?

9 innspel

Den geniale skulen

Hetland skuleEg skal ikkje leggje sjul på det; eg er faktisk veldig glad i Hetland som skule. Nokre har fått høyre skrytet, men kva er det eigentleg eg likar med Hetland? Eg har ikkje tenkt så mykje på det før, men i dag kom eg heim frå ein norsktentamen på data. Eit av kjernepunkta ligg iallfall rundt det.

10 innspel

Til kamp mot fotballspråket

Fotball, teikning laga i Paint pÃ¥ skulen - medan eg skreiv stilen.Norske fotballjournalistar er ikkje som andre journalistar meiner Per Egil Hegge i sitt innlegg “Til kamp mot fotballspråket”. Han forklarar det godt i ingressen; “sjølv då Spania leda 1-0 i førgårs og fortsette å rundspele eit norsk landslag, snakka fotballreporterane båe på NRK radio og TV 2 om at det framleis var mogligheiter for å kome til Portugal”.

11 innspel

16 mai og ein hårklipp

HÃ¥rklipp, 16 mai.Etter ein flott tid i badstua til Gaute drog det til Friheim. Grilling og musikk, samt masse russ og mindre kul alkohol stod for tur. Sjølvsagt ingen alkohol for meg, men dèt veit dykk jo! Eg hadde med saks, så eg fekk ein hårklipp. Elles traff eg og snakka ein del med Elisabeth Skatvedt som er hyggeleg medmålungdom på Hetland :)

19 innspel