Velmont - Odin Hørthe Omdal

Kva kallar ein slike?

Folk som går åleine (eller berre trur?) langs stien rundt mosvatnet. Trur dei kan syngja sånn ca OK-greit og gjer det av full røst. MP3-spelaren sitt volum pressa mot topp. Syng så dei såvidt høyrer seg sjølve, forstår kanskje ikkje at det eigentleg er utruleg høgt. Ei liding for området rundt. Trur vel dei er åleine slike folk. Slike folk som meg.

2 innspel

Mennesker i Norge etter tsunamien i Sørøstasia

For litt mindre enn eit år sidan skreiv eg ein tekst på bokmål om menneskje i Noreg etter tsunamien. Tenkte det er litt relevant mtp. at det snart er eit år sidan det skjedde. Eg merker no at eg er mykje meir distansert frå det. Er vel «gamle nyhende» eller noko slikt. Hum. At det må vera slik.

2 innspel

Eg er visst «Straight Edge»

Stundom då eg har fortalt folk at, nei, eg røykar ikkje, nei, eg drikk ikkje og, ja, eg sit ikkje heime av den grunn, seier somme av dei «Kult, er du straight edge?». Då har eg sat opp eit umiskjenneleg utrykk som viser mi utrulege fåvit om saka. No veit eg kva det er, etter ei vitjing i diverse leksika1, og, ja, – eg har grunntrekka til å kallast «Straight Edge».

2 innspel

Badabom; konsert med Vamp!

Brram-tam-tam, ta, dam-tam-tam, drrrr-am-tam-tam, ba-dam-tam-tam. Vel, rytme og musikk fungerer ikkje heilt prima som tekst. Men slik sat eg, tappa og slo på lår og anna eg kunne halda rytmen med. Avanserte rytmer innimellom, ikkje di standard klapperytme. Neidådu. Akk, så moro det er på konsert. Fekk syngja litt òg, sjølv om eg skulle ynskja det var meir. Men… Kvifor tèr ikkje andre seg slik på konsert?

4 innspel

Eg er lærar

Dei siste dagane her på Randaberg så har eg drive med noko anna enn å berre vera i IKT. Vel, ­- anna har eg gjort heile tida, men ikkje som lærar på den måten. På onsdag hadde meg og Gjert om xhtml og CSS for ein grunnkurs media og kommunikasjonsklasse.

eitt innspel

Lengje sidan

Slike titlar og slike innlegg er faretruande. Nokre blogger inneheld nærast berre slike innlegg, dei er utan særleg substans og særs sjølvopptake. Men, ah, eg drit i det. Tida er inne for at eg òg kan ha ei side der eg kan skrive drit ingen vil lesa.

3 innspel

Amsterdam, dag 2-3

Arrr, klokka er 09, me maa snart dra. La meg 04 i natt, dagen foer det 05-10. Har framleis ikkje gjort hovudpunktet i kvifor eg er i Amsterdam, men det skjer i dag og imorgon. Kjenner likevel for aa gje eit kort resyme av kva som har skjedd til no.

5 innspel

Amsterdam fyrste dag

ReiseDet var nesten for seint det. «Du er veldig sein», sa dama som skulle sjekke meg inn. Eg hadde utsett turen til flyplassen grunna heimeside-fiksing. Pappa utsette det meir med å måtta skriva ein epost. Då åt eg like godt litt. Lovleg seint ute på motorvegen spurde pappa om eg hadde passet med; alle kan jo gjetta at det hadde eg ei.

eitt innspel

Norskfagskonferansen på Lambertseter

NMU, panelordskifteDenne guten har ikkje ete noko særleg. Ikkje sove heller, for den saks skuld. No er det heim frå Norskfagskonferanse, det blei 5,5 timar søvn fordelt på 3 dagar. To netter altså, ei normal natt skal ein ha 8. Var moro på konferanse, men godt å kome heim. Normalt vil eg bli igjen…

3 innspel

Av stad til landet til bokmålet

NMU, mÃ¥lsiddis-aksjon. Meir nynorsk!Då er det ikkje stort lengje til eg skal taka toget til Oslo. Eg sit og knaskar økologiske knekkebrød med ost og masse smør, medan klokka tikkar berre litt for fort. Det er Norskfagskonferansa eg skal vitje denne helga.

2 innspel